Dyrestell - Gardsarbeid - Vedlikehald - Ved - Dyrking - Bygging - Matlaging - Fysisk aktivitet...
Vi brukar garden sine ressursar og kompetansen vår, til å gje opphald til deg som ønskjer noko anna enn vanleg skule, arbeidsliv eller noko å gå til.
Vi har gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske.
På garden er det oppdrett av Schäferhund - brukslinjer (Citagarden), og om du er glad i hundar, får du bli kjent med nokre av dei.
Garden kan inngå avtale med skule, NAV og andre etatar,
om nokon ønskjer eit tilbod med dyr og natur.
Vi vel aktivitetar som passar utifrå ønskje og interesser.
Garden er merkegodkjent - Inn på tunet.
... treng skule etter eigen plan, praktisk læring utifrå læringsmål?
... treng tilrettelagt arbeidsplass?
... har tomme dagar, møtt "veggen", treng ein pustepause i ly frå samfunnet, lite å gjere på?
Lurer du på om dette kan vere noko for deg eller nokon i din familie?
Ta kontakt, vi kan rettleie deg vidare.